Drøm uten innhold…

Hjelp_hva_skal_jeg_blogg_omBokens hvite sider lyser mot meg. 3.juledag har inntatt stuen min, og jeg setter meg med pc-en godt plantet i fanget. Den nye I-paden som jeg fikk til jul egner seg ikke til formålet. Jeg har nemlig tenkt å skrive på min neste roman. Dette har jeg sett frem til lenge. Har ikke hatt tid mellom signeringsturneer og andre presentasjoner av «Stryk meg over håret».  Den ultimate romjulsdrømmen som jeg har gått og ventet på skulle realiseres er fullstendig innholdsløs og tom. Ikke noe plott, ikke noen karakterer, ingen påtrengende protagonist som forlanger å bli hørt, og absolutt ingen antagonist.
Nå kjenner jeg virkelig at jeg trenger noen til å stryke meg over håret og si: – The inspiration is right around the corner. –
Usikker på hele prosjektet. Sannheten er at I don`t have the foggiest notion på hva jeg skal skrive om. Hvem jeg skal skrive om. Rom og tid og alt det der.
I hele formiddag har jeg surfet nettet i håp om at inspirasjonen skulle komme. Den kom ikke, og langsomt kjenner jeg nå at jeg har flyttet inn i skrivesperrens verkebyll. Tør ikke tenke tankene på norsk en gang. Kjenner trangen til å rømme ut til støvsugeren og vaskekluten. Være snill pike, og glemme at jeg egentlig har mest lyst til å skrive hele tiden. Bake litt kaker eller lage litt god mat. Slike ting jeg kan. Leste et sted at en måtte skrive om det som var aktuelt i samfunnet.
Kanskje jeg skulle prøvd å skrive på nynorsk? Det er trenden har jeg hørt. Kanskje det er nøkkelen ut av skrivesperren. Mitt nynorsk.

Kan kanskje begynne slik?
118Han kika på henne der ho stod med rompa opp og ansiktet ned. Den iskalde osen frå elva fekk offeret hennar til å verke større og mektigare. Den tilfredse kvinna som hadde vigd sitt liv til han i gode så vel som i vonde dagar. Han høyrde ljomen frå talen til presten heilt fram til der han stod. Gjennom fleire vintrar hadde talen reist og lagt seg der attmed henne i eleveosen.
Ho var rein vare for pengane tenkte han mjukt. Gjorde plikta si utan å kny. Han gjekk ned til henne og lot handa stryke henne over baken. Han såg at ho stivna der framføre han. Berre eit augneblink, men lenge nok til at han ensa teiknet frå henne. Ho ville ha han. No. Han la augo i dei rette folder, og bad henne med blikket om å styra seg.
POTETS~1Dei blå hendene hennar formelig skreik mot han der dei gnikka feberilsk på skitbleiene til barnet som låg og skreik i skinnfella ved sidan av henne.
– Du er heldig du, tenkte han, før han forlot henne med beskjed om at han ville ha middag på bordet klokka fem presis.
Ho svara ikkje, men han kunne sjå kor takksam ho var for at han var der og såg etter henne kvar dag, slik at ho kunne få bruke tida si på å gjere seg fin for han, og sørgje for at han hadde det han trengde. Takksam for at han hadde plukka henne blant alle dei vakre dokkene i bygda.
imageSJ3Slik flaut dei saman til eitt, akkurat som presten hadde poengtert i bryllupstalen den gongen. Han og ho. I symbiotisk nærleik. Han kika litt oppgitt ned i ei bøtte med gamle poteter på trappa. Tørråta hadde teke grepet om dei, og det var berre eit tidsspørsmål før dei ville visne for godt.
Kari retta seg opp. Litt etter litt, for å venje seg til den nye stillinga.  Ole, ville ikkje liggje i ro i stampen lenger.

Plagg for plagg vrei ho slik at det ikkje var ein drope att, medan skrikinga i korga auka i styrke og villskap. Ho lot seg ikkje merke med det, men haldt fram med vasken. Passa på at dei såre hendene ikkje byrja å blø i kulda. Ville ikkje ha flekker på tøyet. Det var det same som at det heile måtte gjerast ein gong til, og då vart det ikkje tid til å få laga middagen ferdig til rett tid.
708937-7-1312987929249Då ho omsider hadde kome seg inn på kjøkkenet, og hengd frå seg den våte stakken, bles ho i hendene slik at ho klarte å fyre opp i ovnen. Vesle Ole låg nøgd og saug på ein klut som ho hastig hadde duppa i sukkerlake. Då ville han vere roleg akkurat lenge nok til at potetene var skrelte og sett på kok.
Gradvis kjende ho at varmen frå ovnen flytta inn i kroppen hennar. Vogga henne inn i eit slør av takksemd for at ho hadde tak over hovudet, og ein mann som sytte for at ho hadde nokon å ta seg av. Eit augenblink bar ho den andre draumen inni seg, men berre eit augenblink, før ho reiste seg, løfta Ole til brystet og amma han, medan ho med den andre handa gjorde klar resten av middagen.

Bekymra kika ho bort på veggklokka. Ho hadde lita tid. Han likte ikkje å vente. Det visste ho av erfaring. Ole fekk berre remje litt til. Maten måtte på bordet til rett tid, elles vart alt anna og forseinka. Desserten hadde ho enno ikkje byrja på. Klesvasken som låg på trappa i stampen måtte hengjast til tørk. Ho skutte seg då ho tenkte på rimfrosten som no ganske sikkert hadde lagt seg til å kvile i lagring-av-melk-gjennom-tidene34dei kvite handdukane. Var sint på seg sjølv som hadde gløymt å ta dei med seg inn. Vel, når ho hadde gløymt det, så fekk det vere hennar straff å knekkje dei frå kvarandre. Trass alt så slapp ho forlata heimen og gå på kontoret kvar dag. Det var ikkje tvil hadde han sagt til henne. Slikt arbeid hadde ei kvinne aldri orka å ta ansvaret for. Hjernen var for liten til å handsama slikt. Det var ikkje meininga at kvinnfolk skulle bry dei fine hovuda sine med mannstankar. Det kunne forstyrre utviklinga, og det var det vel ingen som var tent med, hadde han avslutta medan han mildt irettesettande klaup henne litt hart i kinnet.
Tankane hennar gjekk til dei der heime i nabobygda. Ho skulle så gjerne ha besøkt mor si, og kanskje fått besøk av mora heime hos seg sjølv. Det lot seg ikkje gjere. Mora var ikkje så ung lenger, og hadde fleire små enno. Dessutan var det nok å henga fingrane i framover mot jul. Ein kunne ikkje berre sleppe IMG_6897det ein hadde i hendene og springe beinføtes heim, fordi om ein sakna mor si litt. Ho skulle bli hos sin mann og gjere han til lags, hadde presten sagt. Han hadde ikkje sagt det andre høgt. Berre med augo. Det som berre ho sjølv pleidde tenkje. At om ho trossa prestens ord, så ville veien til fortapelse og skam vere kort. Ein skulle vere takksam for det livet ein hadde fått. Resten fekk vere opp til Herren…

2 kommentarer om “Drøm uten innhold…

  1. Torstein

    Du skriv godt NYNORSK.:)..
    Ein ordkunstnar som deg kjem nok snart i siget igjen…
    Eg håpar du likevel fekk tid til å lage deg ei julekake eller to…
    Ha eit godt nytt år..

Kommentarer er stengt.